Nordnorgetur

Standard

Tur med toget nordover i september. Fine dagar nordpå i mildt haustvêr. Eit etterlengta gjensyn med heimbygda og heimfjorden.

Prøvekjøring av symaskinen

Standard

Eg har sydd meitai (beresele) som Anne kan bere babydokka i. Stor stas i heimen!

17. Mai

Standard

Gratulerer med dagen! Her er engelongan mine i henholdsvis matrosdress og bunad. Anne har «sølje» etter tippoldemor Lotte fra Lofoten.

Kolonihagetur

Standard

I dag gjekk turen til den koselege kolonihagen på Eiganes.

Tur i Melsheia

Standard

I dag vart det lunsj i Melsheia. Det var eit deileg påskevêr sjølv om det blåste litt oppå knausen kor vi satt. Anne var heldig og fekk sjå sauer med smålam.

Mammutrestar

Standard

I dag fann eg diktsamlinga mi (Ein morgon vaknar eg ved Egearhavet) mellom mammutrestane på Libris til den nette pris av 29 kroner. Det er ikkje mange som kjøp den slags bøker, sa bokhandlardama. Eg kjøpte ho ikkje. Derimot kjøpte eg Avstanden mellom hus av Håkon Øverås, delvis på grunn av det nydelege biletet på omslaget, og Ta i mot av Marte Huke.